Ope for nye krefter i Bøverbrus

Vinterfestivalen Bøverbrus har skapt liv og røre i Bøverdalen ei helg i året sidan 2008. Festivalen har hatt hovudfokus på vinteraktivitetar men også hatt årlege kunst- og kulturinnslag. No seier festivalkomiteen takk for seg, og opnar for at nye krefter kan ta tak. Elles blir det permanent kroken på døra for festivalen.

 Festivalkomiteen har stort sett vore samansett av dei same folka alle tre åra. Komiteen har på mange måtar og ved mange høve freista å rekruttere nye medlemmer til festivalkomiteen og friviljuge til festivalen, utan særleg hell. Det har diverre vist seg å være vanskeleg å rekruttere folk til festivalkomiteen.

 Etter fire års innsats og tre vellukka festivalar tykkjer no denne komiteen at me har gjort vårt. Me i komiteen har hatt utrulege mykje moro med Bøverbrus, det har vore eit kjempegivande arbeid og me er svært fornøygde med det me har fått gjennomført på desse tre åra! Visjonen til festivalen var å synleggjere kvalitetar ved Bøverdalen vinterstid, skape aktivitet og inspirere til utvikling i ei roleg tid. Komiteen er fornøgde med det me har oppnådd på dette området.

 Det er mykje engasjement i Bøverdalen, og me hjelper gjerne ein ny festivalkomité på veg om det er nokon som kan tenkje seg å overta stafettpinnen. Vi har domene, økonomiske ressursar og mykje erfaring å dele frå å arrangere festival på vinterstid.

 Festivalsjef Marit Sletten seier det slik:

Eg er kjempefornøygd med det me har fått gjennomført! Det er synd at me ikkje har klart å rekruttere ein ny festivalkomité, for det har vore utruleg moro å arrangere Bøverbrus.”

  

Takk for støtte og hjelp frå alle samarbeidspartnarar!

Takk for friviljug innsats frå engasjerte medspelarar!

Takk for oss!

 Festivalkomiteen for Vinterfestivalen Bøverbrus

Ny dato, gamle krefter

Årets Bøverbrus-festival vil gå av stabelen 11-12 mars 2011! Det blir program på fredag og laurdag denne gongen, og fokus er på UNGDOM - det er invitert ungdom frå heile Nord-Gudbrandsdalen til Bøverdalen denne helga. 

Det har vore arrangert eit ope møte og sendt ut brev til alle lag og foreininger i Bøverdalen for å mobilisere og motivere folk til å vere med som arrangørar. Det er ikkje mange som vil vere med i kulissane, sjølv om mange har gjeve uttrykk for at dei ynskjer at festivalen skal halde fram. Så i år blir det dei "gamle" arrangørane i festivalkomiteen, og eit mindre omfattande program enn det har vore før. Festivalen må vere tufta på lokalt engasjement og kraft for å ha ei framtid, så om DU har lyst til å engasjere deg så er du utruleg viktig for å realisere neste Bøverbrus. Takk til Marit Sletten som har sagt ja til å stille opp som festivalsjef i år - nok ein gong! Du er ein ildsjel av dimensjonar! Det same vil eg seie til dykk andre i festivalkomiteen - dykk veit kven dykk er :-) 

Vi håpar at fleire vil vere med og ta i eit tak til hausten slik at vi kan planlegge festival også i 2012! Men fyrst kan vi sjå fram til Bøverbrus 11-12 mars 2011 med ungdomsfest og Raubergstulsrenn! 

Helsing frå Torill Bye Wilhelmsen

Slik opplevde DNT Vansjø årets festival

Slik opplevde gjengen frå DNT Vansjø Bøverbrus 2010. Dei flotte bileta er teke av Per Erling Olsen. Som vi ser fekk dei med seg skiturar i strålande sol, Raubergstulsrennet, isbading og middag på Fossheim - med meir! Turfølget frå Østfold ynskjer med dette å takke alle som var med på å gjere opphaldet i Bøverdalen og Fossbergom til eit vintereventyr. Herved er takken overbragt til festivalkomiteen, vertskapet på Raubergstulen og Fossheim, og Brimi-Bue. 

Bøverbrus takkar i sin tur for besøket og ynskjer medlemmane i DNT Vansjø og alle andre festivaldeltakarar velkomne att neste år!

Helsing frå Torill

 

(download)

Og no er det over for i år...

Vi kan sjå tilbake på tre flotte dagar med hjernetrim og meir fysisk krevande aktivitetar i alt frå minus 10 og strålande sol til vind og plussgradar. For tredje gong har mange friviljuge med ein ivrig festivalkomité i spissen laga ein vellukka festival med opplevingar som kjem til å sette spor. I år er det til dømes fem unge og modige isbadarar som kjem til å hugse eit utandørs bad ikkje så mange gjer etter dei! 

No er utfordringa å få med fleire entusiastar som vil vere med på å utvikle festivalen vidare. No går mykje på skinner av det arrangementstekniske, men vi treng nye idear til kva vi kan finne på - og folk som brenn for å gjere det!

Høyres dette ut som noko DU kan tenkje deg å vere med på? Ikkje nøl, bli med! Festivalen treng deg! (Og det er utruleg artig å vere med på å lage vintereventyr...)

Takk for at DU var med på årets vakraste vintereventyr i Bøverdalen! Og gjekk du glipp av det får du følge med på heimesidene www.boverbrus.no og merke av datoen for neste år i kalenderen.

Helsing frå Torill Bye Wilhelmsen

No er vi i gong!

Vinterfestivalen Bøverbrus 2010 er offisielt opna!!! 

Samfunnshuset i Bøverdalen var fylt til siste stol da eit svært godt besøkt seminar om "Vern og lokal verdiskaping" gjekk av stabelen. Det var mange tankevekkande, inspirerande, visjonære og innsiktsfulle foredrag. Vi fekk også ein god dose humor ved ein "70% verna Bøverdøl" - Endre Skjåk. 

Coopen har slått til med Bøverbrus-tilbod og det er i det heile mykje god festivalstemning å spore! 

Veret er godt og DNT Vansjø er framme på Raubergstulen etter ein lang, miljøvenleg busstur heilt frå Rygge. Vi vonar at dei og alle andre festivaldeltakarar får ei knakande flott helg i vintervakre Bøverdalen!

Sjåast på Raubergstulsrennet i morgon!

Helsing frå Torill Bye Wilhelmsen (om du kjenner meg att, det er jo kostymeakerenn!)

God vermelding for Bøverbrus-helga

Vi kan håpe at vermeldinga frå yr.no slår til i helga, for det er meldt rundt 5-7 minusgradar, sol og opphaldsver! 

Ypperleg ver for skiturar, isbading og andre uteaktivitetar!

Sjåast på Vinterfestivalen Bøverbrus!

Helsing frå Torill

Velkomne DNT Vansjø!

Nystifta DNT Vansjø tek sin fyrste overnattingstur til Vinterfestivalen Bøverbrus. Dei er lova ein vinterfestival med mykje moro og av høg kvalitet når det gjeld aktivitetar, naturomgjevnader og gjestfridom! 

Vi ynskjer dei varmt velkomne!

Dette kan vi lese i Lesernes Moss-Avis om turen:

Nystiftede DNT Vansjø har satset på nærturer i Vansjø-distriktet. Nå tilbys en "historisk" weekend-tur til Jotunheimen, der deltagere, som har felles glede i friluftsliv, får tid til å bli bedre kjent.
Det er plass til noen flere, ring gjerne tlf.95033667 eller send en e-post til k-mag@online.no
Raubergstulen ligger 1000 moh innunder Galdhøpiggen i Bøverdalen i Lom. Turen er egnet for alle; fra de sprekeste skiløpere til de som vil nyte marssola i hytteveggen. Egen buss settes opp direkte fra Moss og det blir mye moro underveis.
Turlederne Kjell Magnussen og Dag Wilhelmsen legger opp til flere skiturer i flott høyfjellsterreng, herunder en fakkelskitur. Det blir med egen gitarist og den nye DNT sangboka skal testes. Deltagerne fra Vansjødistriktet vil profilere distriktet og DNT Vansjø i et tradisjonelt og artig kostymeakerenn fra Raubergstulen til Galdesand med høydeforskjell 500 meter (det blir minst tre DNT Vansjø - kjelker og utkledning med turklær/ryggsekker fra 60-70-tallet. 
Turdeltagerne kan også velge blant andre aktiviteter på den lokale vinterfestivalen Bøverbrus www.boverbrus.no , mange har særlig lyst til å prøve tyrolertraversen.
Mer info på http://www.turistforeningen.no/vansjo/activity.php?ac_id=24528 

http://lesernes.moss-avis.no/artikkel.php?aid=7012&rate=1

Film av Bøverdalen

Var du med på kunsten under fyrste året med Bøverbrus?

Da finn du nok deg sjølv her:
http://www.lasseberre.no/boverdalen/index_8.htm

Lasse Berre har lagt ut bileta frå kunstverket "Berre Bøverdalen" og det er mogleg å bestille bilete.

I fjor var det eit musikk stykje som vart laga til festivalen.

Kunsten i år under Bøverbrus er ein film om Bøverdalen! Filmen skal promotere Bøverdalen og kan brukast fritt av alle etter premiera.
Premiera er 16.00 i Samfunnshuset i Bøverdalen! Vel møtt!

Vern og lokal verdiskaping hand i hand?

Click here to download:
Invitasjon til seminar_lr.pdf (426 KB)
(download)

Rull nedover i fila over for å sjå heile programmet. Dette blir bra, eg gler meg!

Hugs å melde deg på innan 26. februar til Ideutviklar Gry Bystøl: gry.bystol@lom.kommune
Tlf: 61 217328 / 474 82 667

About

Full av ideer!